Back to All Events

Irma Vep (1996)

  • Vises i "Tivoli" på Det Akademiske Kvarter (Olav Kyrres gate 49) 49 Olav Kyrres gate Bergen, Hordaland, 5015 Norway (map)

Jubileumsvisning: BFK blir 60 år!

Irma Vep (1996)

Onsdag 1. desember 2021 - kl. 19:00

Kjøp billett


Info:

Type: Spillefilm
Visningsformat: DCP (1.66:1)
Regissør: Olivier Assayas
Manusforfatter: Olivier Assayas
Skuespillere: Maggie Cheung, Jean-Pierre Léaud, Nathalie Richard, Bulle Ogier, Lou Castel
Produksjonsland: Frankrike
Språk: Fransk
Undertekst: Engelsk
Lengde: 1 time 39 minutter


Nor:

Olivier Assayas har nok hatt større påverknad på Bergen filmklubb enn dei fleste andre regissørar. Han starta nemleg karrieren si som kritikar i filmmagasinet Cahiers du Cinema. I møtelokalet vårt, på Verftet, har vi ein heil vegg med stabel på stabel av gamle Cahiers du Cinema-utgåver. Dette var filmklubbstyret si kjelde til informasjon om kva som bevegde seg i ute i filmverda, før internett etter kvart kom og tok over liva våre. Heldigvis begynte Olivier etter kvart å lage eigne filmar og det gjekk ikkje upåakta hen hos oss. Vi viste ‘Irma Vep ‘på Bergen filmklubb for første gong den 10. Mars 1997. Eit halvt år før den ordinære kinopremiera i Norge, 31. oktober, same år.

Olivier Assayas har fleire gongar vore nominert til Palme d`Or på på Cannes festivalen, der han i 2016 varn prisen for beste regissør. Mange er kanskje best kjend med TV-serien hans, Carlos (2010), men den dag i dag er ‘Irma Vep’ framleis hans største kommersielle suksess. Det følast passande at det er denne filmen som skal representere 90-talet i vår nedteljing tiår for tiår, mot 60årsjubileet, for denne filmen osar verkeleg 90-talet med heile sitt audiovisuelle uttrykk.

‘Irma Vep’ er både eit kjærleiksbrev og ein utblåsing frå regissøren til den franske filmbransjen. Maggie Cheung speler ein fiksjonell versjon seg sjølv, som kjem til Paris for å spele hovudrolla i ein nyinnspeling av stumfilmen Les vampires (1915). Produksjonen er eit totalt kaos og regissøren, spelt av den legendariske, Jean-Pierre Léaud, er berre tidvis og delvis mentalt til stades. Vi ser kaoset gjennom Maggie sine auge, som er som eit romvesen i dette franske vepsebolet. Ho observerer kaoset frå utsida, samtidig som ho blir fanga i det.


Eng:

-


Vises i "Tivoli" på Det Akademiske Kvarter (Olav Kyrres Gate 49)

Earlier Event: November 28
Tetsuo (1989)
Later Event: December 3
Ratcatcher (2000)