Info:
Originaltittel: 鉄男
Type: Spillefilm
Visningsformat: DCP (1.37:1)
Regissør: Shinya Tsukamoto
Manusforfatter: Shinya Tsukamoto
Skuespillere: Tomorowo Taguchi, Kei Fujiwara, Shinya Tsukamoto
Produksjonsland: Japan
Språk: Japansk
Undertekst: Engelsk
Lengde: 1 time 7 minutter
Nor:
BFK blir 60 år! Bli med videre på filmreisen. Vi feirer det elleville 80-tallet med Tetsuo: Iron Man (1989), regi. Shinya Tsukamoto.
Vår mest viste film dei siste 60 åra er utan tvil ‘Eraserhead’ (1977). Av nettopp denne grunnen valde vi å utelate den frå jubileumsprogrammet vårt i år. Men dersom nokon er skuffa og lengtar etter ein angstfylt film med horrible vanskapningar i forlatne industrielle omgivnader, så treng dei ikkje å bekymre seg. Regissør Shinya Tsukamoto oppnådde evig kultstatus då han runda av 80-talet med det som blir sett på som den definerande filmen for Japansk cyberpunk. Med seg inn i filmen tok han alt det beste som det siste tiåret hadde å by på av body horror og praktiske effektar og skapte sitt eige misfoster.
Filmen startar med at mannen kjend som «Metallfetisjisten», spelt av Shinya Tsukamoto sjølv, opnar eit stort hol i låret sitt og fører inn ein lang bit av skrapmetall. Ein kort tittelsekvens fører oss nokre timar fram i tid, til fetisjisten som i angstindusert spenning pakkar opp igjen det bandasjerte såret sitt. Det er totalt infisert av larver. I vill panikk legg han på sprang ut i bilvegen. Der blir han offer for ein filmatisk stillferdig påkøyrsel, som glir over til ein slags frampeikande musikkvideo-montage, der vi ser gjerningsmannen vri seg i spasmar til det industrielle lydsporet, mens metamorfosen hans har begynt.
Sjølv om filmen tilhøyrar kategorien cyberpunk, må det også understrekast at dette er punk-filmskaping. Filmen brukar blant anna stop motion og eit handheldt kamera til å skape eit kvilelaust tempo, som varer frå start til slutt. Metallfetisjisten døyr tilsynelatande i bilulykka, men paret som køyrde på han blir etter kvart plaga av eit slags organisk metallvirus, som gradvis tar over kroppane og liva deira. Det startar med ei metallkvise som spreier svart veske ut over heile ansiktet og toppar seg kanskje med den etter kvart ikoniske drill-penisen.
Dette vil du ikke gå glipp av!
Eng:
-
Vises i "Tivoli" på Det Akademiske Kvarter (Olav Kyrres Gate 49)