Back to All Events

Ichi the Killer (2001) & Visitor Q (2001)

  • Vises i "Tivoli" på Det Akademiske Kvarter (Olav Kyrres gate 49) 49 Olav Kyrres gate Bergen, Hordaland, 5015 Norway (map)

Dobbelvisning

Ichi the Killer (2001) & Visitor Q (2001)

Søndag 21. november 2021

Kl. 18:00 - Ichi the Killer

Kl. 21:00 - Visitor Q

Kjøp billett


Ichi the Killer (2001) info:

Type: Spillefilm
Originaltittel: 殺し屋1
Visningsformat: DCP (1.85:1)
Regissør: Takashi Miike
Manusforfatter: Sakichi Sato
Skuespillere: Tadanobu Asano, Nao Ohmori, Shin'ya Tsukamoto
Produksjonsland: Japan
Språk: Japansk
Undertekst: Engelsk
Lengde: 2 timer 9 minutter


Nor:

Yakuzasjefen Anjo har forsvunne sporlaust saman med ein koffert full av pengar. Andresjefen Kakihara trur ikkje på rykta om at Anjo har rømt med pengane og raserer den kriminelle underverda i Tokyo på leit etter sin gamle elskar og dominus. Når han får nyss i at det kan vere den mystiske og brutale mordaren Ichi som står bak, fyllast masochisten Kakihara med både gru og glede over tanken på å få møte han. Men Ichi er ikkje nødvendigvis den Kakihara forventar at han skal vere.

Dette er kanskje meisterregissøren Takashi Miike sin mest ikoniske og notoriske film. Musikken, klippinga, tempoet og produksjonsdesignet er så leikent at Miike utan vanskar blandar sin typiske lune humor med djupe menneskelege kjensler og grenselaus brutalitet. Mykje av filmen sin sjarm kjem også med Tadanobu Asano (Kakihara), som klarer å gjere frityroljetortur til ei triveleg sysle. Men dette er ikkje ein simpel gørrfest, som mange trur. Filmen vekslar heile tida mellom absurd tøysete vald og brutal mørk avgrunn. Ein kan aldri slappe av og vere komfortabel med valden som rein underhaldning.

Filmen er forboden i Norge.


Eng:

In the legendary director Takashi Miike's most iconic and notorious film, the masochistic yakuza, Kakihara, is tearing through the criminal underworld of Tokyo in search for his vanished boss and dominus, Anjo. When he learns that the infamous killer, Ichi, might have killed him, he is hoping that he might fill Anjos void. However, Ichi might not be the person he Kakihara expects.

The film is banned in Norway.


Visitor Q (2001) info:

Type: Spillefilm
Originaltittel: ビジタ
Visningsformat: DCP (1.33:1)
Regissør: Takashi Miike
Manusforfatter: Itaru Era
Skuespillere: Ken'ichi Endô, Shungiku Uchida, Kazushi Watanabe
Produksjonsland: Japan
Språk: Japansk
Undertekst: Engelsk
Lengde: 1 time 24 minutter


Nor:

I Visitor Q gjer Miike sin eigen vri på premissen frå Pasolini sin Teorema (1968), der ein mystisk framand forfører den eine medlemen av husstanden etter den andre, før han forsvinn like brått som han kom. Den i utgangspunktet dysfunksjonelle familien kjem saman igjen og liva deira er for alltid forandra. Som vanleg tar japanarane det eit hakk lenger, og det er etter alt å dømme den mest mislykka familien som nokon gong er vist på film vi møter her. Det er ikkje noko for sarte sjeler. Frå dette klarer Miike å kombinere mørk avgrunn, absurd humor og poetisk nestekjærleik til ei oppløftande historie.

Filmen er laga på fattige 70.000 $, men Miike snur dette til sin fordel ved å skape eit inntrykk av at amatør-DV-kamera er nærmare røyndom enn film. Under ein Reddit AMA (eit interaktivt nettforumintervju) blei Miike, som har laga over hundre filmar (deriblant Ichi the Killer), spurd kva for ein av filmane sine han ønska å bli mest hugsa for. Svaret var Visitor Q.


Eng:

Visitor Q is Takashi Miike’s own take on Pasolini’s Teorema (1968), where a mystical stranger seduces one after another of the family household, only to disappear as suddenly as he arrived. The originally dysfunctional family is brought together, and their lives are changed forever. Miike takes it a step further, by starting from an extraordinarily dark place. From here he creates an uplifting story through his typical whimsical humor. Viewer discretion advised.


Vises i "Tivoli" på Det Akademiske Kvarter (Olav Kyrres Gate 49)

Earlier Event: November 17
The Colour of Pomegranates (1969)
Later Event: November 24
Samurai Rebellion (1967)